Visit Nordfjord
©Marvin Kuhr

 

 

Via ferrata Hornelen

Reiselivsnæringa gir mange positive bidrag ved å skape arbeidsplassar, generere skatteinntekter og stimulere til lokal verdiskaping. Samstundes er vi bevisste på at reiseverksemd også fører til klimagassutslepp, og at eit høgt besøkspress kan utfordre både kulturarv, naturmangfald og lokalsamfunn.

Det avgjerande er ikkje talet på besøkjande i seg sjølv, men verdien dei skapar lokalt. Målet er å utvikle berekraftige lokalsamfunn som tek omsyn til tålegrensa for samfunn, natur, landskap og kultur – og samstundes ivaretek lokal verdiskaping. Effektiv besøksforvalting sikrar at opplevinga vert meiningsfull for både besøkjande og fastbuande, samtidig som den lokale verdiskapinga vert størst mogleg.

Her gir vi ei oversikt over korleis reiselivet i Nordfjord og Nordfjord som reisemål arbeider målretta mot berekraftig utvikling.