Knutholmen Kalvåg

Visit Nordfjord er Miljøfyrtårn-sertifisert. Dette inneber at våre praksisar og prosedyrar innan miljøoppfølging oppfyller krava som er sett av Miljøfyrtårn-sertifiseringa.

Å innføre et miljøstyringssystem betyr at bedriften følger bransjespesifikke standarder og krav for å redusere negativ påverknad på miljøet. Dei ulike systema inneheld verktøy og prosedyrar som hjelper verksemda i denne prosessen. Formålet er å systematisere miljø- og klimaarbeidet, noko som krev forankring hos leiinga. Etter sertifisering er det krav om årlege miljørapportar og regelmessig re-sertifisering.

Sidan vi er ein liten organisasjon utan direkte klimagassutslepp, skjer vårt største bidrag for auka berekraft gjennom påverknad på andre. Vi inspirerer gjestene våre til å ta berekraftige val når dei besøkjer Nordfjordregionen, vi tilbyr verktøy og kurs innan berekraft for våre medlemmar, og vi stiller krav til våre leverandørar. På vegne av reisemålet koordinerer vi arbeidet med bærekraftig destinasjonsutvikling. 

 

Miljøsertifisering bidreg til å

Redusere eiga miljøbelastning

Redusere ressursbruk og kostnadar

Auke synlegheit og konkurransekraft

Få gode system og verktøy for styring og drift

 

Vi arbeider for å vere eit leiande eksempel på berekraftig reisemålsutvikling samtidig som vi tek vare på kultur, natur og miljø for noverande og kommande generasjonar.

Vi ønskjer å skape ein destinasjon som forener reiseliv og lokalsamfunn til det beste for gjester, innbyggjarar og næringslivet, for miljøet og vår natur- og kulturarv.

 

Klimarekneskap 2021 - 2023

Miljøpolicy

Innkjøpspolicy 

Sertifikat miljøfyrtårn 2023 - 2026