Bærekraft har blitt ein viktig faktor når gjestene vel reisemål
Heile fire av ti reisande undersøker om reisemålet eller verksemda arbeider med berekraft før dei bestemmer seg.
Eit "berekraftig reisemål" handlar om å utvikle reiselivet på ein måte som tek vare på både miljø, samfunn og økonomi, slik at destinasjonen kan bestå over tid utan å miste sin attraktivitet eller skade naturen og lokalsamfunnet. Dette er viktig for å kunne tilby ei autentisk og varig oppleving for dei besøkande, samtidig som det gjev fordeler for både lokalsamfunn og næringsliv i området.
Fordeler for din bedrift:
At destinasjonen arbeider mot Merket for berekraftig reisemål gjev fleire fordelar for bedriftene i området. Merkede reisemål får auka synlegheit gjennom marknadsføringa til Visit Nordfjord, Fjord Norge, Visit Norway og Innovasjon Norge. Eit positivt omdømme for destinasjonen gjev også bedriftene eit løft, og aukar sjansen for at fleire gjester finn vegen til nettopp di bedrift.
Ei viktig målsetjing med merkeordninga er også å styrke reiselivets status hos styresmaktene og sikre betre forvaltning av reiselivet. Gjennom tettare samarbeid mellom kommunar, destinasjonsselskap, reiselivsbedrifter og andre aktørar kan vi enklare møte kvarandre sine både kortsiktige og langsiktige behov og utfordringar.
Dersom di bedrift sjølv satsar på berekraft, kan de framstå som meir attraktive for nye gjester og gje eksisterande gjester ei endå betre oppleving.
Korleis di bedrift kan bidra:
Bli medlem av Visit Nordfjord: Gjennom medlemskap støttar du arbeidet med berekraftig destinasjonsutvikling. Dette bidreg til finansiering, organisering og auka samarbeid i regionen. Som medlem kan du også engasjere deg aktivt, delta på kurs og ta på deg verv.
Miljøtiltak i eigen bedrift: Arbeid proaktivt med berekraft i eiga bedrift – til dømes ved å auke kunnskapen hjå tilsette, setje mål og jobbe mot sertifisering som berekraftig verksemd.
Kundekontakt: Ver ein god vert og bidra til ei positiv kundeoppleving. Informer gjestene om ansvarlege val og god besøksforvaltning før, under og etter besøket.
Ta vare på destinasjonen: Oppmod gjestene til å velje berekraftige reisemåtar i Nordfjordregionen, og til å reise meir miljøvennleg. Tilpass bodskapen etter kunden sitt behov.
Ved å bidra til eit berekraftig reisemål støttar bedrifta ein sunnare planet og ein attraktiv destinasjon som tiltrekkjer miljøbevisste reisande, styrkjer omdømet og skapar ei sterkare tilknyting til lokalsamfunnet.