Bli medlem

Bli medlem

 

Bli med i reiselivsfelleskapet - Kvifor medlem i Visit Nordfjord?

Visit Nordfjord AS har til hovudoppgåve å bidra til auka verdiskaping, betre lønsemd og auka ringverkandar. Selskapet skal samordne reiselivsarbeidet i Nordfjord og gjennom tiltak bidra til å styrkje næringa og gjere Nordfjord til eit betre reisemål og ein god stad å bu. Som medlem i Visit Nordfjord er du med på å skape eit fellesorgan for reiselivsnæringa i Nordfjord. Vår jobb som destinasjonsselskap er å auke verdiskapinga og sysselsetninga i reiselivet. Med andre ord - Vi skal bidra til at andre lykkes. 

For VN handlar det ikkje bare om turister, for oss handlar reiselivet om å skape - utvikle og marknadsføre gode, lønsame bærekraftige besøksopplevingar for alle besøkande, enten du er turist eller innbyggjar. Det som er bra for turisten er like viktig for dei med lokal adresse. Vi skal bidra til å gjere Nordfjord til ein betre region og bu i. For ein god region og bu i, er ein god region og besøke. Det er velkjent at turismen er i vekst – det er det bransjen i verda som veks mest. Dette representerer verdiskapning, det representerer arbeidsplassar og sysselsetning med sterk vekst. Om vi ser på Nordfjord sin posisjon dei siste 4 åra, er det jevn auke mht totale gjestedøgn, men vel so viktig - aktørane har tru på regionen, og det investerast i næringslivet.

VN har gjennom ein omfattande merkevareprosess «Nordfjord – Alt i ein fjord» - samla Nordfjord til eit turistrike, og har blitt ein meir synleg og attraktiv destinasjon. Vi har etablert ny merkevare, visuell identitet og kommunikasjonskonsept som framhevar Nordfjord som eit komplett og kompakt stykke Norge. Ei merkevare som tydelig fortel vårt mangfald- frå yste villaste havet, gjennom fjorden og innerst til dei spektakulære breane.

Men “Ei sterk merkevare er ikkje noko mål i seg sjølv – men eit middel for å nå målet”

Fleire lønsame turister til regionen gjennom heile året

Vi ser på oss sjølv, som ein framoverlent destinasjon, vi tørr å tenke stort og vi skal tørre å tenke nytt. Nordfjord har fokus på og stå samla og kontinuerlig jobbe saman, under felles vertskapsløft «Alt i ein fjord». Vi skal skape engasjement, entusiasme og ein felles kultur hos reiselivsbedriftene og næringslivet ellers. Summen av det heile meiner vi vil skape ein sterk og bærekraftig destinasjon, der vi er gjensidig avhengig av kvarandre for å lykkes.  
 

Visit Nordfjord sine prioriterte arbeidsområder er;

  • Marknadsføring
  • Kundereise og sal
  • Medlemsoppfølging
  • Produktutvikling
  • Merkevarebygging
  • Berekraft
  • Vertskap

Som medlem i destinasjonsselskapet er din bedrift med og bidrar til utvikling av Nordfjord. 

 

VI YNSKJER FLEIRE MEDLEMAR MED I REISELIVSSAMARBEIDET NORDFJORD