Lotsstøylen Stad
©Salt´n´wax

Marknaden for ansvarlege verksemder, produkt og destinasjonar aukar, og dermed aukar også krava til å dokumentere ansvarlegheit.

 

·      Kunden forventer og krev det. Det er ei tydeleg forventning i marknaden om at bedrifter tar ansvar for miljø og berekraft. Den enklaste måten å sette eit slikt ansvar i system på, er å vise kundane at ein arbeider målretta med berekraft gjennom å bli miljøsertifisert.

·      Auka tillit og godt omdøme: Miljøsertifisering signaliserer at bedrifta tar miljøansvar, noko som byggjer tillit hos miljømedvitne kundar og gir eit positivt omdøme hos potensielle samarbeidspartnarar og investorar.

·      Styrka konkurransekraft: Miljøsertifisering skil bedrifta frå konkurrentane og kan vere avgjerande for kundar som aktivt søker berekraftige alternativ.

·      Kostnadsreduksjon: Berekraftige tiltak kan redusere ressursbruk og avfall, noko som gir direkte kostnadsbesparingar.

·      Betre marknadsføring og synlegheit: Mange turistar legg stor vekt på berekraft når dei vel reisemål. Miljøsertifisering kan dermed auke bedriftas synlegheit i marknader der berekraftige alternativ er etterspurde. Både Visit Nordfjord, Fjord Norge og Visit Norway har innført tydeleg merking og søkefiltre som framhevar miljøsertifiserte reiselivsbedrifter i sin kommunikasjon. 

·      Attraktiv arbeidsplass: Ein miljøsertifisert bedrift tiltrekkjer ofte arbeidssøkjarar som ønskjer å arbeide for verksemder som prioriterer miljø og berekraft.

·      Regulering og støtte: Miljøsertifisering kan også føre til at bedrifta lettare oppfyller krav og reguleringar knytt til miljø, noko som gjer drifta meir robust og kan opne dører for tilskot og støtteordningar.

 

Døme-eksempel fra nordfjord.no

Miljøsertifiserte bedrifter og eit miljøsertifisert reisemål som kan nytte merket "berekraftig reisemål" for å synleggjere ei langsiktig satsing, styrkar merkevara og bidreg til eit meir attraktivt reisemål. Som reisemål blir Nordfjord årleg målt på kor mange miljøsertifiserte reiselivsbedrifter som finst på destinasjonen. Det er òg eit krav i Merket for berekraftig reisemål å auke delen miljøsertifiserte reiselivsbedrifter over tid. Ein høg del miljøsertifiserte reiselivsbedrifter gjer Nordfjord til eit meir attraktivt reisemål. Samanlagt kan miljøsertifisering auke attraktiviteten til både bedrifta og reisemålet ved å oppfylle forventningane til kundar og samfunnet om ei berekraftig utvikling.

Som medlem i Visit Nordfjord kan du få ein rimelegare pris på rådgivning mot ei miljøsertifisering. Ta gjerne kontakt, så hjelper vi deg å kome i gang.