Destinasjoner spelar ei viktig rolle i arbeidet mot eit meir berekraftig reiseliv
Merket for bærekraftig reisemål er ein nasjonal merkeordning for reiselivsdestinasjonar og er den einaste av sitt slag i Norden. Ordninga fungerar som eit kvalitetsstempel for destinasjonar som har forplikta seg til berekraftig utvikling. Dette inneber blant anna å arbeide for reduserte klimagassutslepp, å verne om naturmangfald og kulturarv, auke dei positive ringverknadane frå reiselivet, samt å sikre at reiselivet utviklast på innbyggernes premisser. Sidan Nordfjord er ein stor cruisedestinasjon, vert området evaluert etter eigne cruisekriterier, i tillegg til dei andre kriteriene og indikatorene i merkeordninga.
Merket betyr at Nordfjord, over tid, prioriterer auka berekraft, ikkje at staden vert merka som berekraftig. Reisemålet har forpliktet seg til et langsiktig utviklingsløp med mål om å redusere reiselivets negative fotavtrykk, samtidig som det arbeider for å forsterke dei positive ringverknadane for regionen. Destinasjonen må kontinuerleg arbeide for å betre sin forretningspraksis og sitt forhold til lokalsamfunnet, basert på berekraftige prinsipp.
Merkeordninga er eit verktøy for reisemålet i å planlegge, gjennomføre og måle framgangen i arbeidet med berekraft i reiselivsutviklinga. Reisemåla må vise ei forbetring ved re-merking kvart 3. år. Visit Nordfjord samarbeider tett med kommunane, havneselskapa, lokalsamfunnet og medlemsbedriftene for å sikre ein langsiktig forpliktning til berekraftig utvikling, med mål om sertifisering tidleg i 2025.
Arbeidet for auka berekraft i reiselivet er ein kontinuerleg prosess der nye utfordringar, dilemma og strategiske val vil dukke opp. Teknologi, reiselivet, lokalsamfunn og gjester er i stadig endring. Reiselivet sin verdikjede består av mange aktørar som har eit klart ansvar for sin eigen verksemd, men det er også behov for eit samla grep om reisemålet sin utvikling, spesielt på område som ligg mellom dei enkelte aktørane sitt ansvar. Ei felles utvikling vil både redusere reiselivet si negative påverknad på miljø og lokalsamfunn, og auke reisemålet sin attraktivitet som besøkstad.
Dette er noko vi skal oppnå saman, og det er avgjerande for vår suksess og konkurranseevne. Arbeid med berekraft i reiselivet er langsiktig og kontinuerleg, og målet er å skape reelle forbetringar over tid.
Les meir om arbeidet med berekraftig reiseliv i Nordfjord og korleis du kan opptre omsynsfullt når du besøkjer Nordfjord.
Årlige handlingsplaner:
Handlingsplan 2025 (pdf når gjennomført)
Årlige orienteringer:
Bærekraftsorientering 2025 Nordfjord kommunene (pdf når gjennomført)
Årlig Kick Off for medlemsbedriftene (pdf når gjennomført)
Merket for berekraftig reisemål er eid av Innovasjon Norge, som i perioden 2022 - 2024 støtta arbeidet med merkeordninga på destinasjonen økonomisk. Ta kontakt med Marita Lindvik i Visit Nordfjord om du har spørsmål eller innspill til arbeidet med berekraftig reisemåls- og reiselivsutvikling.