Velkommen til Nordfjord, et unikt reisemål med spektakulær natur og levende lokalsamfunn. Vi ønsker å bevare denne vakre regionen, og håper du vil følge retningslinjene nedenfor når du besøker oss.
1. Ikkje lag unødige spor etter deg i naturen
Bruk merkte stiar og unngå å setje opp telt på sårbare område. Bruk eksisterande bålplassar, ta med eigen ved og følg bålforbodet frå 15. april til 15. september.
2. Vis respekt for dyr og plantar
Ta omsyn til dyrelivet, særleg under kalving og hekking. Hald god avstand til ville dyr, ha hunden i band og lat sjeldne blomar få stå. Bærplukking er tillate i dei fleste område - sjekk lokale reglar.
3. Ta med søppel og bruk toalettfasilitetar
Ta alltid med deg alt søppel og unngå bruk at våtserviettar, då desse blir brotne sakte ned. Finn toalett der det er mogleg, og ta med brukt toalettpapir dersom fasilitetar manglar.
4. Bruk campingplassar
For å unngå skade på naturen, sett opp telt på tilrettelagde campingplassar med toalett og søppelfasilitetar.
5. Vis respekt for privat eigendom
Unngå ferdsel på private vegar og område utan løyve frå grunneigar. Lat grinder att etter deg for å hindre at husdyr kjem seg ut.
6. Bruk lokale guidar på turar
Nordfjord er vakkert, men naturen kan vere uforutsigbar. Lokale guidar sikrar trygg og minneverdig utforskning av fjell, isbrear og fjordar. Sjekk alltid vêrmeldinga på Yr før du legg ut på tur.
7. Vis omsyn
Vis respekt for andre turgåarar, lokalbefolkning og naturen. Stillheita er ein del av opplevinga, og det er vanleg å helse på folk langs stiane.
8. Fjell - og skredtryggleik
Nordfjord har område med skredfare, særleg om vinteren. Planlegg turane godt, sjekk skredvarsel på Varsom og ha alltid med ekstra klede og mat.
9. Veg - og trafikktryggleik
Vegane kan vere smale og svingete, så køyr forsiktig og hald deg på di side av vegen. Sjekk trafikkmeldingar på Vegvesen for oppdatert informasjon om vegforhold. Bruk refleksvest når du går lags vegen i mørket.
10. Fotografering og droner
Spør om løyve før du fotograferer menneske, og følg gjeldande reglar for droner. Droner kan forstyrre både dyreliv og lokalbefolkning.
Vi bryr oss om Nordfjord – og håper du gjør det samme!