Bestillingsvilkår
Dei generelle vilkåra gjeld mellom Visit Nordfjord AS og andre som inngår avtale med Visit Nordfjord AS i samsvar med stadfesting av bestillinga (gjesten). Avtalen kan gjelde bueininga, reise, aktivitet, kjøp av andre produkt og tenester, eller ein kombinasjon av desse.
Din bestilling er bekrefta når du mottar ei stadfesting med reservasjonsnummer. Vi anbefaler alle våre gjestar å skrive ut stadfestinga og ta denne med til oppmøtestaden. Du må være minst 18 år for å gjere ei bestilling gjennom Visit Nordfjord AS. Dersom du vil, kan Visit Nordfjord AS gjere bestilling for deg via telefon eller e-post, det vil då bli påført ei serviceavgift på kr 300,- per bestilling.
Dersom du har behov for å kontakte oss før, under eller etter ankomstdato, er vi tilgjengelege måndag – fredag 09.00-16.00. Vi kan kontaktast via e-post booking@nordfjord.no.
Betaling og sikkerheit
Visit Nordfjord AS er ansvarleg for alle transaksjoner som blir gjort gjennom visitnordfjord.no. Samarbeidspartnaren DIBS er ansvarleg for at kredittkortnummer og kodar blir handterte trygt i samsvar med dei krava som er definerte i Payment Card Industry Data Security Standard (PCI DSS). Betaling skjer når bestilling gjennomførast. Visit Nordfjord AS er ansvarleg for sjølve transaksjonen, og at korrekt beløp trekkast frå din konto. Om det oppstår problem med ditt kredittkort, vil Visit Nordfjord AS ta kontakt med deg. Om det ikkje blir oppnådd kontakt, vil bestillinga bli kansellert. Alle personlige opplysningar gis på ei kryptert side (SSL 128 bit), der det er sikkert å oppgi opplysningar om seg sjølv og sitt kredittkort. Berre Visit Nordfjord AS og leverandør av det produktet du har bestilt vil ha tilgang til ditt namn og din kontaktinformasjon. Denne informasjonen vil bli brukt til booking handtering (endring/kansellering av booking) og kan bli brukt i diverse marknadsundersøkelsar.
Avbestilling / endring frå di side
For å avbestille må det sendes ein e-post til Visit Nordfjord AS: booking@nordfjord.no
For å endre di bestilling, ta kontakt med Visit Nordfjord eller leverandøren av di bestilling. Dersom du vil endre bestillinga mindre enn 7 dagar før ankomst bes du kontakte både leverandøren og Visit Nordfjord AS.
Mail og telefonnummer til leverandør finn du i bookingsbekreftelsen din.
Visit Nordfjord AS tilbyr avbestillingsforsikring til 10% av kjøpssummen.
Avbestillingsforsikring i tilfelle akutt sjukdom eller dødsfall anbefalast og kan være til god nytte når ein minst ventar det. Avbestillingsforsikring kan du kjøpe på same tid som du bestiller nokon av Visit Nordfjord sine produkt og kostnadane belastast oppgitt kredittkort.
Avbestilling må skje innan utførelse av aktivitet/overnatting eller reise. Avbestillinga skal skje via e-post. Forsikringssum utbetalast berre ved akutt sjukdom eller dødsfall hos deg eller i nær familie. Ein eventuell refusjon blir overført til kredittkortet som er brukt ved bestillinga.
Legeerklæring for akutt sjukdom/dødsattest må vedleggast krav om erstatning. Legeerklæringa må være datert før avreise eller innan 3 dagar etter at reisa skulle ha vore.
Krav om utbetaling må sendast per e-post til booking@nordfjord.no seinast ei veke etter datert legeerklæring. Legg også ved reisedokument og nødvendige kvitteringar.
Vi tilrår at alle kundane våre sjølv sørgjer for gode forsikringsavtalar før reisa i tilfelle sjukdom, tap av eller skade på reisegods, ulukke, erstatningsansvar eller liknande.
Visit Nordfjord AS har ingen kontroll over den valutakursen som vil bli beregnet for refusjon til kredittkort og kan ikkje ta ansvar for eventuelle tap av midlar. Vi gjer oppmerksam på at Visit Nordfjord AS ikkje betaler eventuelle kostnadar for internasjonal bankoverføring. Gebyret dekkjast av refusjonsbeløpet (ca 50 NOK ved bruk av internasjonal bankoverføring).
Følgjande tidfristar gjeld for aktivitetar/overnatting/transport:
- Avbestilling kan gjerast fram til 30 dagar før ankomst med full refusjon.
- Avbestilling mellom 14-30 dagar før ankomst 50% av totalkostnadar refunderast.
- Avbestilling mellom 14-0 dagar før ankomst gir ingen refusjon.
Generelle vilkår gjeld for overnatting:
- Overnattingsstaden står til din disposisjon frå kl. 16.00 (4PM) på framkomstdag. På avreisedagen må rommet forlatast seinast kl. 12.00. Rommet er reservert for framkomst til kl. 18.00. Kjem du seinare, må du varsle overnattingsstaden på forhand.
- Gjesten eller den som står som garantist for rom/hytte/leilegheit ect. er ansvarleg for skade på lokale som følgje av aktlaus eller uforsvarleg åtferd av gjestane.
Eigne vilkår for bilutleige:
Eigne som vilkår gjeld for bilutleige er beskrive ved booking. Du vil få ein stadfesting frå response@cartrawler.com med all nødvendig informasjon om di bestilling. Vær vennleg å les nøye gjennom dokumentet og ta dette med deg når du hentar bilen.
Reisegarantifondet:
Visit Nordfjord AS har lovbestemt garanti og gjer deg som kjøpar av pakketurar derfor sikkerheit som forutsatt i pakkereiselova. For meir informasjon, sjå www.reisegarantifondet.no
Våre leverandørar
Vi er ansvarlege for at våre leverandørar får betalt for det du har bestilt gjennom oss. Våre leverandørar er ansvarlege for kvar sin del av ditt program, herunder fullstendige forsikringar, tillatingar, utstyr, bemanning osv., som er i overensstemmelse med de gjeldande lover og reglar som får bruk for leverandøren.
Enkelte av våre leverandører og samarbeidspartner opererer med andre avbestillingsvilkår i tillegg til våre. Dette gjeld spesielt ved bestilling av flyreiser, overnatting og leigebil. I disse tilfella vil du få opplyst eigne reglement når du bestiller.
Kanselleringar / endringar frå vår side
Kanselleringar / vesentlege endringar kan førekomme ved
- Forhold vi eller leverandør ikkje er herre over; f.eks værforhold, havari, arbeidskonflikter osv.
- At betingelsar ikkje er oppfylt. Dette kan f.eks være atterhald om minimum antall deltakerar. For dei fleste turar er det satt eit minimum antall deltakerar til 2 fullt betalande personar. Merk at minimum antall deltakerar kan stige opp til 6 minimum fullt betalande personar for diverse aktivitetar som enkelte båtturar.
Dersom ei kansellering eller vesentleg endring skjer, og du ikkje akseptera det eventuelle alternative tilbodet av leverandør du måtte få på staden, tilbakebetalar vi 100%. For å kunne gje deg ein best mogleg oppleving, atterhald vi oss midlertidig retten til å foreta mindre justeringar i turopplegg. Slike justeringar kan forekomme pga. vær – og føreforhold. Visit Nordfjord AS har ingen kontroll over den valutakursen som vil bli beregnet for refusjon til kredittkort og kan ikkje ta ansvar for eventuelle tap av midlar. Vi gjer oppmerksame på at Visit Nordfjord AS ikkje betalar eventuelle kostnadar for internasjonal bankoverføring. Gebyr dekkast av refusjonsbeløpet. Visit Nordfjord AS står ikkje ansvarlege for eventuelle forsinkelsar av refusjonsbeløpet.
Grupper
Ta kontakt med oss per telefon eller e-post dersom dykk ønskjer å bestille for større grupper.
Prisgrupper
Leverandøren bestemmer prisnivået og aldersgrensa for barn- og ungdomspris. Studentpris gjeld berre med gyldig studentkort. Pensjonist/honnør rabatt gjeld for gjestar fyllt 67 år med gyldig honnørkort. Nødvendig dokumentasjon må visast ved ankomst.
Reklamasjon
Vi gjer oppmerksam på at ved eventuelle reklamasjonar knytt til det enkelte arrangement for leverandør må rettast til vedkommande leverandør. Visit Nordfjord AS har ikkje ansvar knytt til det enkelte produkt. Visit Nordfjord AS har berre ansvar for å vidareformidle di bestilling til leverandør, som er ansvarleg for gjennomføring av aktivitet, leveranse av overnatting eller utleige av utstyr i tråd med di bestilling. Det er leverandøren som skal sørgje for at både sikkerheit og leveranse av produktet er i tråd med din bestilling.
Vi ønskjer deg velkommen til Nordfjord og håpar du får eit opphald fylt med gode opplevingar. Alt i ein fjord.