Di reise betyr noko! Ved å velje bedrifter som prioriterer berekraft og tek klimaomsyn, blir ferien din ikkje berre ei oppleving – den blir ei investering i framtida. Her er nokre enkle grep du kan ta:
- Vel grøne alternativ: Reis kollektivt, vel miljøvenlege overnattingsstader, og prøv aktivitetar som har låg påverknad på miljøet. (12 tips til ei grønare reise) https://www.nordfjord.no/gronn-nordfjordferie
- Vis respekt for naturen: Hald deg til merka stiar, rydd opp etter deg, og støtt lokale verneprosjekt.
- Støtt lokalt: Når du handlar og et lokalt, bidreg du til økonomisk og sosial berekraft i området du besøker.
Saman kan vi sikre at reiselivet framleis skaper glede, opplevingar og utvikling – også for komande generasjonar. Velkomen til ei reise som set spor, utan å etterlate seg unødvendige fotavtrykk!