Få eit innblikk i regionen si historie på Nordfjord Folkemuseum, som er distriktsmuseum for Nordfjord. Museet har 45 antikvariske hus, dei fleste frå 1700 og 1800 talet. Fleire av husa er innreidde og viser ulike tidsperiodar. I tillegg har er der ei innandørs kulturhistorisk utstilling. Føl du skilta langs vegen vest for sentrum vil du også finne ein av dei mest verdifulle trebåtane i Norge og ein nasjonalskatt på lik linje med vikingskipet på Bygdø. Her står Holvikejekta og vitnar om den viktige handelen som gjekk føre seg mellom Nordfjord og Bergen.