"Man tar ikke et flott bilde, man lager det"
Fotografi gjev deg ein gylden moglegheit til å vere kreativ. Skap eit bilete ingen andre har. Her kjem nokre tips til kva ein bør tenke på.
1.Vinklar.
Skap ein vinkel som leiar auget inn i biletet mot det du ynskjer skal vere fokuset. Ta biletet av same motivet med forskjellige vinklar. Eit eksempel kan vere ei brygge kommande inn frå sida mot midten av biletet der anna motiv visast. På same måte kan den same brygga sentrerast og leie auget direkte inn mot fjellet i midten. Ein vinkel til kan vere nedan i frå og opp, dette får det til å sjå mykje større. Husk å ikkje ver redd for å tenke utanfor boksen.
2.Ta bileta gjennom noko.
Ta nokre steg tilbake, ta biletet gjennom eit par tre eller hald nokre blad forran linsa, dette gjev biletet ein annan dimensjon. Ta biletet gjennom teltet eller gjennom ruta på bilen. Ser du noko du kan bruke rundt deg for å gjere det heile meir intresessant?
3.Tenk annleis.
Ofte kjem vi heim frå tur og ser at veldig mange andre har tatt det same biletet. Korleis kan ein ta biletet av same motivet på ein annan måte? Korleis tar alle andre biletet av dette motivet? Korleis kan eg gjere det annleis?
4.Legg til noko eller nokon i forgrunnen.
Har du med ein hund på tur eller ein turven som ville skapt ei god stemning i biletet? Kanskje ein blome eller fleire ville gjort seg som ein forgrunn til den vakre utsikta bak? Bruk fantasien og føl på den stemninga du ynskjer å skape.
5.Rydd biletet
For mange element i eit bilete kan verke rotete og vere i vegen for eit elles vakkert motiv. Er det mogleg å rydde biletet for å framheve det som skal vere i hovudfokus, så gjer dette. Er fokuset masse turutstyr spreidd rundt på ein leirplass, så skal du sjølvsagt gå for dette. Det bringer oss til siste tips.
6.Det du tykkjer er eit bra biletet, er eit bra eit
Ikkje samanlikn deg for mykje med andre. Hent inspirasjon frå dei du likar best, og gjer di eiga greie på din måte. Desse tipsa vil skape ein atmosfære i bileta dine. Det er fin å skille seg ut og ikkje kome heim med det same biletet som alle andre har. Plutselig bil andre bruke deg som inspirasjon på deira neste tur.

Lykke til!