I Nordfjord finn du mange tilbod som passar for familiar. Ta med deg barna og la dei utforske naturen vår gjennom spennande aktivitetar. Her gir vi deg nokre eksempel til inspirasjon.
Om det pøsar ned kan det vere kjekt å kose seg med ein film inne. Dei fleste bygdesentruma har kino. Spør på turistinformasjonen eller sjå etter plakatane. Elles så kan kanskje eit besøk til Bowlingen i Måløy vere verdt eit besøk. Her kan du feire gebursdag, nyte mat og drikke, spele bowling, biljard og andre underhaldningspel.
Ballbingar, klatreparkar, leikeplassar, sandvolleyballbaner og minigolf finst rundt om kring i dei ulike kommunane i Nordfjord, gjerne i nærleiken av skulane.