Afternoon tea Gloppen Hotell
©Cecilie Owren

Afternoon tea på Nordfjordsk vis

Afternoon tea Singerheimen

Velkomen til ei smakfull og fargerik oppleving i idylliske omgjevnader! Drikk frå lekre  tekoppar med gullkant, nyt ein delikat sandwich, ta ein bit av ein nybakt scones, eller kva med ei søt kake som smeltar i munnen?

Afternoon tea drakk ein i Storbritannia allereie på 1600- og 1700-talet, men den spesielle ettermiddagsteen, stilfullt servert med små godsaker til, blei ikkje ein vanleg skikk før om lag 1840, då hertuginna av Bedford kjende seg litt energilaus om ettermiddagane og ba tenarane servere ho te med noko lite å bite til. 

På slutten av 1800-talet spreidde den nærast seremoniaktige skikken om å drikke ettermiddagste med små smørbrød og kaker seg sakte til heimane også i middelklassen. Hertuginna i Bedford var slik blitt ein av dei fyrste suksessrike «kake-influencarane» i England!  

Den litt finare ettermiddagsteen utvikla seg i løpet av 1800-talet, med stadig meir intrikate reglar for etikette. Ein skulle bruke ein spesiell type porselen, spesielle oppdekkingar og ein bestemt type kle. Hovudrolla i måltidet er sjølvsagt teen, men forskjellige typar sandwich, scones og småkaker kompletterer opplevinga der ikkje berre smaken blir viktig, men også det visuelle.   

Afternoon tea har også blitt ein naturleg del av l tilbodet i Nordfjord. Her treng du verken vere stivpynta eller tilhøyre adelen/aristokratiet for å nyte luksusen med fargerikt porselen og kvitedukar i nydelege omgjevnader. Ynskjer de bobler til opplevinga, kan dette bestillast.

Afternoon tea Gloppen Hotell
 
Tea time © Cecilie Owren
Gamlebutikken på Hjelle

I Gamlebutikken på Hjelle har Emma, den engelske vertinna på Hjelle Hotel, teke med seg  skikken frå heimlandet. Gjennom sommaren serverer ho afternoon tea i vakkert engelsk servise i den gamle landhandelen til hotellet. Ho representerer 4. generasjon hotelldrift, og veit akkurat kva gjestene vil ha for å oppleve den rette smaken i dei rette omgjevnadene. Det vakre Oppstrynsvatnet rammar inn det heile og gjer smaken av varm te med noko attåt endå betre. 

Singerheimen i Olden kan du oppleve ein herskapeleg brunsj på William H. Singer sin eigen glasveranda. Med kvite dukar, stearinlys, handbroderte serviettar og høge etasjefat får du servert herlege, lokale godsaker. Som dei seier på Singerheimen; «Sjølv om fatet er høgt, er alt laga heilt frå botnen av». Det spesielle er at du også får drikke av ekteparet Singer sine unike koppar frå då dei sjølve budde her. Dei som vil, kan bli med på ei omvising etter maten, for å høyre den fengslande historia til Singerheimen.   

Gloppen Hotell kan du oppleve den erkebritiske tradisjonen i dei same omgjevnadane som dei tidlege engelske laksefiskarane sat og nippa til sin afternoon tea. Her arrangerer dei afternoon tea selskap på elegant vis, der gjestene verkeleg opplever å bli prega av hotellet sin stolte tradisjon tilbake til 1866 medan ein nyt teen. Alt du får servert er heimelaga med lokale råvarer. Ta med dine venninner eller familie til Gloppen Hotell og få servert delikate favorittsandwicher og nybakte scones på elegante etasjefat. Heimelaga syltetøy og små lekre desserter gjer måltidet komplett.

Fristelsar på fat