Tjugen Camping, Loen

Tjugen Camping, Loen

Tjugen camping er ein koseleg campingplass i Loen. Plassen er familiedriven og ligg ved vakre Loelva, 2 km frå Loen sentrum.

På Tjugen bor du midt i naturen med panoramautsikt til bre og fjell. Campingplassen ligg ved startpunktet for turen til Skåla (1848 m.o.h.) og er også eit godt utgangspunkt om du skal gå Via Ferrata, klatre på Beachen, besøke Lodalen, Rakssetra eller Loen Skylift.

Vertskapet består av tre generasjonar Tjugen som alltid er klar til å ta imot deg og hjelpe deg med tips til fjellturar, aktivitetar og utflukter.

Campingplassen har ei avslappande og venleg atmosfære og er bygd opp med
På Tjugen bor du midt i naturen med panoramautsikt til bre og fjell. Campingplassen ligg ved startpunktet for turen til Skåla (1848 m.o.h.) og er også eit godt utgangspunkt om du skal gå Via Ferrata, klatre på Beachen, besøke Lodalen, Rakssetra eller Loen Skylift.

Vertskapet består av tre generasjonar Tjugen som alltid er klar til å ta imot deg og hjelpe deg med tips til fjellturar, aktivitetar og utflukter.

Campingplassen har ei avslappande og venleg atmosfære og er bygd opp med terrassar. Fine plassar for bobil, campingvogner og telt. Sanitæranlegga er velholdte og reine. Campingplassen har familierom, to gjestekjøkken, opphaldsrom, vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, leikeplass og resepsjon med kiosk. Utleige av el-syklar.

Campingplassen har seks hytter:
- To velutstyrte store feriehytter med stove, kjøkken, dusj, toalett, to soverom (2 + 4 senger) og eigen uteplass. Sengetøy, handkle og utvask er inkludert i leiga.
- Fire enkle og populære campinghytter. Hyttene har fire senger, minikjøkken, dekketøy og innlagt kaldt vatn. Egen terrasse. Utvask er inkludert og sengetøy og handkle kan leigast.

Online booking via tjugen.no, men også drop in.

Velkomen til å utforske vakre Loen og Tjugen camping!

Info:

Attributes

Sommer
Kjæledyr tillatt
TV
Dobbeltseng
Enkeltseng
Barnevenleg
Nærme naturen
Røykfritt
Fotturar
Hund
Vannkoker/Kaffimaskin
Vår
Nærme fjellområde
Landleg
Skogsområde
Utandørs parkering - Gratis
Fjellområde
Nærme elv
Fjellutsikt
Gratis Wi-Fi
Høst