Langrenn i Nordfjord
«Nordmenn er født med ski på beina» er eit uttrykk som ofte blir brukt. Og som i resten av Norge, så gjeld dette også i Nordfjord. Nordfjord kan skilte med nokre av dei beste skiløyparane i verda. Kan det ha noko med dei flotte og varierte løypene som finns i området?
Arkeologiske funn tyder på at ski har vore brukt i Norden i meir enn 5000 år. Ski var eit nyttig hjelpemiddel i forbindelse med jakt og fangst og dei arkelogiske funna tyder på at ski har vore i bruk minst like lenge som hjulet.
Kom til Nordfjord og opplev stillheita i naturen, der du berre høyrer dine eigne stavtak. Eller du kan bruke dei meir folkerike løypene, og gå saman med andre. Nordfjord kan skilte med nasjonale og internasjonale langrennsløyper. Fleire kilometer med oppkøyrde løyper og endelause vidder tek deg med inn i den flotte naturen. På kveldstid er lysløypene klare til å ta imot deg.
Nokon av skiløypene i området:
Stryn Vinterski, Stryn
Harpefossen skisenter, Eid
Breimsbygda skisenter, Gloppen
Kleivane skiløype, Gloppen
Høgdene, Gloppen
Nordfjord Fritidssenter, Stryn
Tua, Eid