Strynsvatn Camping og Feriehytter
Camping |
Strynsvatn Camping er ein del av PlusCamp kjeden, og vi er i NHO Reiseliv klassifisert med 4 stjerner.
Her er 35 utleigehytter, 2 sommarhus, ei fjellhytte, 5 ferieleilegheiter, og ca 40 oppstillingsplassar for bobilar, campingvogner og telt. Av aktivitetar på plassen har vi båt og kanoutleige, volleyball, badeplass, grillplass ved vatnet, leikeplass, 3 trampoliner, oppmerka tursti til seter, fjell og bre.
Strynsvatn Camping ligg nydeleg til med flott utsikt over Strynsvatnet. Her finn du den perfekte basen for å utforske området. I nærleiken finn du Stryn sentrum med gode shopping-moglegheiter, hyggelege pubar, smakfulle restaurantar, kino, sømjehall og mykje meir. Populære attraksjonar som Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Nasjonalparksenteret, Gondolbanen til Hoven i Loen, Via Ferrata i Loen, Stryn Sommerski, Hydlaparken, Geiranger og Vestkapp er berre nokre av opplevingane du bør få med deg. Stryn er òg eit paradis for fjellvandrarar med mange merka turstiar til fjelltoppar som Skåla, Storskredfjellet og Kyrkjenibba.
Vi held opent heile året, og resepsjonsbygningen med butikk og kafé er ope i sommarhalvåret. Vi er her for å hjelpe deg med inn og utsjekk eller for tips til attraksjonar eller utflukter som passar for deg og ditt reisefølge. Her er også eit gatekjøkken som held ope i høgsesongen som servere kebab, hamburger med fries og pølse i brød.
Strynsvatn Camping er ein familiedreven campingplass med lang tradisjon innan standard, service, kvalitet og gjestfridom – kort sagt "alt" som, saman med den spektakulære vestlandsnaturen, kan gi deg ei ferieoppleving du vill minnast. Vi ønskjer deg hjarteleg velkommen hit!
Fasilitetar og tenester
Kontaktinformasjon
I nærområdet
Unfortunately there is nothing to show in the nearby area. Instead, try a different category.