Overnatting | Feriesenteret er ei skjult perle som ligg rett ved Barmsund ferjekai. Vi tilbyr utleige av hytter i ulike storleikar, samt campingplass for telt, campingvogn og bubil. Vi har i tillegg ei stor kai der vi har utleige av mange ulike båtar. Feriesenteret ligg i ei lun bukt med flott natur i rolege omgjevnadar. Om du vil prøve fiskelykka, anbefaler vi ein tur på sjøen med ein utleigebåt. Då kan du nyte den eineståande roen bare ein båttur kan gje deg.
Skottneset Feriesenter har 11 hytter, samt 10 plassar til bubil, campingvogn og telt. Vi har sanitæranlegg med kjøken og toalett/dusj. Vi har 16 utleigebåtar, leikeplass, bål- og grillplass. Nede ved kaia har vi kjølerom og filteringshus som kan nyttast av alle våre gjestar. Du finn oss midt mellom Måløy og Selje ved fylkesveg 618 ved Barmsund ferjekai.
I nærleiken av Skottneset Feriesenter er det òg høve til fjellturar, sykling, golf i Selje og surfing i Hoddevik. Øyene Selja (med Selja kloster), Silda og Barmen er fine turmål frå Skottneset med båt. Selje-, Refvik-, Ervik- og Hoddeviksanden er mogleg å reise til med bil om du vil ha deg ein dag med sol og bading.
Om denne overnatting
I nærområdet
-
Havlys Bed and BreakfastOvernatting, Pensjonat og B&B, Hostels & Guesthouses23,9 kmVi er ein liten og sjarmerande B&B på Iglandsvika i Bremanger. Du finn os...
-
KnutholmenOvernatting, Hotell og camping, Hotell, Hotels32,1 kmKalvåg er eit stort levande hotell. I gangavstand rundt den vesle vågen finn ...