Overnatting | Ocean View Stad ligg intimt til ytst på svaberget på Skottneset Feriesenter. I denne glamping-hytta kan du vere nært på sjøen og oppleve den formidable utsikta ut mot Stadthavet. På terrassen kan du nyte solnedgangen som går i havet om sommaren. Etter solnedgang kan du trekke inn i Ocean View, legge deg i deilige hotellputer og sovne til bølgeskvulp som slår mot svaberget. Vi anbefaler Ocean View om du ynskjer ei roleg og stille stund tett på naturen, krydra med litt luksus.
Ocean View er ein del av Skottneset Feriesenter og ligg ved Barmsund ferjekai på Fylkesveg 618. Her kjem du til ei lita glamping-hytte med terrasse over sjøen, ferdig oppredd dobbeltseng, eit lite kjøkken og bad m/dusj. På terrassen er det tillaga med bålpanne og sitjegruppe slik at besøkjande kan nyte den harmoniske utsikta.
Om denne overnatting
I nærområdet
-
Havlys Bed and BreakfastOvernatting, Pensjonat og B&B, Hostels & Guesthouses23,9 kmVi er ein liten og sjarmerande B&B på Iglandsvika i Bremanger. Du finn os...
-
KnutholmenOvernatting, Hotell og camping, Hotell, Hotels32,1 kmKalvåg er eit stort levande hotell. I gangavstand rundt den vesle vågen finn ...