Ta turen til Nordfjord i vinter
Nordfjord er eit eldorado for vinteraktivitetar. Med gode forhold for toppturar, alpint/snowboard/telemark, langrenn og surfing ligg alt til rette for fantastiske opplevingar.
Les meir om vinteren i Nordfjord her.
Ny DVD om Nordfjord - Explore Nordfjord
Dette er ein DVD som tek deg med på ei reise i bilder frå Nordfjord. Her får du eit innblikk i kva Nordfjord har å by på av attraksjonar, opplevingar, lokale tradisjonar med meir. Sjå DVDen nederst på denne sida eller klikk
her.
Nordfjord Vandrefestival 7. - 15. august 2010
Guida vandreturar til rundt 30 ulike turmål i Nordfjord. Turane blir av ulik vanskegrad og lengde. Alle turane vert leia av ein lokalkjend førar. Turar for alle friluftsinteresserte. Toppturar til nokre av dei høgaste fjella i Nordfjord er for dei som har litt trening. "Skåla 1.848 m Rett Opp" blir det største arrangementet. Les meir
her.
Nordfjord Reiseguide 2010
Reiseguiden for Nordfjord er eit av dei viktigaste planleggingsverktøya for ein ferie i Nordfjord. Du kan lese den ved å laste den ned som pdf. Last ned eller bestill reiseguiden
her.
Nytt sykkeltilbod
No kan ein leige sykkel i Hellesylt, sykle over Flofjellet og levere sykkelen i Stryn. Turen Hellesylt - Stryn er på 42 kilometer. Frå Hellesylt syklar ein 13 km innover dalen til Vollset. Vidare går det ein grusveg 10 km frå Vollset over Flofjellet og ned til Flo. Deretter følgjer ein vegen langs Oppstrynsvatnet til ein kjem til hovudvegen (riksveg 15) og syklar tilbake til Stryn. Les meir
her.
Har du reisetips til andre etter å ha besøkt Nordfjord?
Skriv om opplevingane dine frå Nordfjord og turen hit. Nokon tips og køyrereglar: Skriv på norsk, ver personleg, ver naturleg – gjerne uformell og med en muntleg tone, ver konkret – rett på sak, inkluder kvar det er og korleis ein kjem seg dit, legg til linkar og bilder i tipset.
Legg inn aktuelle reisetips her:
http://reisetips.visitnorway.com
Laksefisket er i gong
Nordfjord er eit eldorado for fiskeinteresserte. Nordfjord er "Fjorden med dei sju elvane", og har vore eit ynda reisemål for engelske fiskelordar. 1. juni opna Eidselva og Åelva/Ommedalselva for laksefiske. 15. juni opnar Gloppenelva og Hjalma. Loelva, Oldenelva og Stryneelva opnar 1. juli.
Les meir
Kysten av Nordfjord - vill og vakker
Kysten av Nordfjord er levande, vill og vakker. Opplev mektige Vestkapp, historiske Selje Kloster, sandstrender, fiskevêr, spennande øyer og gjestfrie fyr.
Les meir
Gratis fiske i Lovatnet
Gløym fiskekortet – no kan kven som helst fiske gratis i eit av dei beste fiskevatna i fylket. Frå sesongen 2008 er det heilt gratis å fiske i Lovatnet i Stryn. På forsommaren er garn det beste alternativet, deretter er det fint å fiske med oter før garnfisket tek seg opp att når haustmørket kjem. Folk får og mykje fisk på stang her. Les meir om fiske i Nordfjord
her.
Bestill ferien no!
Vi hjelper deg gjerne med å finne overnatting i Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy eller Selje. Kontakt oss for eit godt tilbod. Du kan velje i førsteklasses hotell, eller lune hytter midt i fjordeventyret.
Les meir
Det gode liv
Reis utanfor allfarveg, og oppdag dei små skattane våre. I Nordfjord er det enkelt å gøyme seg vekk og vere aleine, eller oppleve den ekte kulturen. Her kan du ta i bruk alle sansane dine på ein gong, og berre nyte naturen, menneska og stemninga rundt deg.
Les meir
Bli med på bresafari!
Opplev Briksdalsbreen på nært hald på guida tur på vatnet framfor isbreen. Med store gummibåtar padlar vi mellom isfjella som flyt i vatnet.
Les meir
Nordfjord Extreme - opplev det magiske
Få stadar kan du klatre i isbreen i trange dalar, og same dag surfe i bølgene i havgapet. Er du aktiv, og ikkje så lettskremt kan du finne akkurat ditt paradis her.
Les meir
Verdas beste reisemål
Norske fjordar er det beste reisemålet i verda. Det slår det amerikanske naturmagasinet National Geographic fast. Saman med 200 ekspertar på berekraftig turisme har National Geographic vurdert 115 av dei mest kjende turistmåla i verda.
Les meir
Treng du overnatting i Nordfjord?
Bestill overnatting i Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Vågsøy og Selje her! Du kan velge mellom ei rekke hotell, vertshus, feriehus, hytter, robuer og campingplassar. Valet er ditt.
Les meir
Måløy - eit av verdas mest erotiske reisemål
Alex Rosèn er ikkje i tvil om at Måløy er eit av verdas mest erotiske reisemål. Han anbefalar forelska par, gifte par, sambuarar og alle andre som er i eit eller anna parforhold å ta turen dit. Dette uttalte han då han var gjest i radioprogrammet "Pepper og Pasjon" på NRK.
Les meir...
Sjå DVD - Explore Nordfjord
Fleire nyhende frå Nordfjord
Vêrvarsel for: Stryn, Hornindal, Nordfjordeid, Sandane, Selje og Måløy.
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK.